Kvalpekurset haust 2015

IMG_9921

I går gjekk siste dagen med kvalpekurs av stabelen. Gjennom kvalpekurset i haust har me hatt 15 ekvipasjar som deltok. Desse var fordelt på tre ulike instruktørar; Hege, Else Marie og Anita. Fyrste dagen me møttest var det teori på Ørsta VGS. Her gjekk me gjennom ulik teori som skulle vere førebuande til dei praktiske øktene.IMG_9910

Gjennom seks ulike praktiske økter fekk ekvipasjane prøve seg på sitt, dekk, innkallingar, gå fint i band og andre grunnleggande øvingar for ein god kvardag saman med hunden. Instruktørane prøvde å lære opp eigarane slik at dei kunne seie sitt-bra-belønne-FRI utan å måtte tenke for mykje. At hundane vart betre var sjølvsagt ein god bonus.IMG_9923

Ei av øktene hadde me ulik aktivisering av hund. Her fekk deltakarane prøve seg på agility, rallylydigheit og ulike søk og trikseøvingar. På denne måten fekk dei eit innblikk i kva ulike øvingar ein kan gjere saman med hunden sin.IMG_9951-2

På siste treninga fokuserte me mykje på kontakttrening, passering av andre hundar og innkalling. Dette fekk dei også prøve i større grupper.IMG_9866 kopi

Me håpar kvar enkelt eigar lærte noko nyttig som dei kan bruke no i ettertid av kurset, og at alle fortsetter å trene hundane. Me håper sjølvsagt også å sjå dykk alle og ein kvar på Tussa tysdagane, eller andre stadar med hundane.IMG_9914

Tusen takk for eit kjekt kurs!

– Helsing frå instruktørane

Bileter er tekne av Amalie S. Lillevold. Du finn fleire bileter her. Finn du ikkje din hund? ta kontakt, så kan me sjekke om Amalie har fleire tilgjengeleg.