Kvalpekurs vår 2016

IMG_1335 – Kopi

I april, rett over påske, starta klubben opp sitt tradisjonelle kvalpe og unghundkurs. Det viste seg å vere stor interesse for dette kurset denne våren. Det var 23 påmeldte ekvipasjar, noko som fekk oss til å engasjere heile fire ulike instruktørar.

IMG_1302

Kurset starta med ei teoriøkt på Ørsta Røde Kors hus. Her vart alle samla til ei økt med informasjon relevant til hundetrening og kurset. Teorien vart framlagt som eit viktig grunnlag for vidare trening av hund, og for dei ulike emna me skulle innom på den praktiske delen av kurset.

IMG_8716 (2)

Etter teoriøkta vart kurset delt inn i seks ulike praktiske økter. Nytt av året prøvde me oss på nye emner. Dei vanlege emna som sitt, dekk, gå fint i band og passering var sjølvsagt med, men i tillegg til desse gjekk me gjennom “5 om dagen” for hund, miljøtrening i ulike miljø, og fokus på mellom anna innkalling.

IMG_1371

Me håpar deltakarane føler dei fekk noko ut av kurset, og at me ser meir av desse i ettertid. Me høyrer gjerne fleire tilbakemeldingar dersom ein vil gje dette. Då tek de kontakt via e-post eller facebook. Fleire bilete finn du her.

IMG_8625 (2)

Neste kvalpekurs vert til hausten, omlag i slutten av august.

IMG_1344