Godt nyttår!

No er me endeleg i gong igjen med eit nytt år. Det kjem til å verte nokre få endringar i høve heimesida. Me kjem ikkje lenger til å legge ut månadens hund. Me kjem derimot til å oppdatere sjølve bloggen her kvar gong noko skal skje eller noko har skjedd. Dermed vert heimesida noko mindre aktiv, men like informativ.

Fyrste hending ut er nyttårssamlinga 2. Februar. Her tenkjer me å samle folk og hundar til ei koselig treningsstund med god mat. Samlinga vert gratis for alle medlemmar og me satsar på ei sosial stund. Meir informasjon og påmelding finn du under fana hendingar.

Under hendingar finn du også innkalling til årsmøtet 12. Februar.

Vidare har me no lagt ut datoar og påmelding for kvalpekurset. I tillegg vil du finne informasjon om nybyrjarkurs i rallylydigheit. Alt dette under fana kurs.

Tysdagstreningane startar opp neste tysdag. Oversikt over dei neste kjem.

 

Advertisements