Rallyhelg på Vestnes

Helga 17. og 18. oktober arrangerte Vestnes Hundeklubb rallystemne, og heile 4 medlemmar frå Ørsta og Volda Hundeklubb var påmelde. Laurdag morgon sette vi nasen nordover, med sommarfuglar i magen.

Vêret spelte ikkje heilt på lag denne helga, så stemnet vart flytta inn i ein liten hall, noko som skapte eit ekstra spenningsmoment for fleire av oss. Det er ikkje alltid godt å vite korleis hundane reagerer i slike situasjonar. Det fekk Siv og Nea erfare, og det enda dessverre med disk for dei i klasse 2-debuten på laurdag. Men ingen sure miner for dét!

Lene og Sienna hadde som mål å greie opprykk til klasse 3 i løpet av helga, og det vart full klaff allereie på laurdag, med 4. plass, 188 poeng og raud sløyfe.

Anita og Synnøve konkurrerer begge i eliteklassen. Det vart ein 4. plass på Anita og Meera denne dagen, medan Synnøve og Ylva tok 3. plassen.


Søndag – ny dag, nye sjansar.

Det fungerte betre for Siv og Nea denne dagen, og dei enda opp på 8. plass av 17 startande i klasse 2.

Lene og Sienna hadde derimot ikkje dagen på søndag, og dei enda opp med ein disk.

Synnøve, som var påmeldt med Vinter i klasse 2 enda opp med 5. plass og napp til klasse 3!

For Anita og Meera klaffa det ikkje heilt denne søndagen. Med ein lykkeleg hund som snurra ein ekstra gong rundt eigaren sin, vart det dessverre ein disk på dei.

For Synnøve og Ylva vart det derimot full klaff. Dei gjekk heilt til topps i eliteklassen og fekk CERT! Vi gratulerer!

Og slik er rallysporten; ein dag klaffar det, og ein annan dag ikkje. Det er noko av det som gjer sporten så spennande. Og uansett resultat, så hadde vi alle ei triveleg og sosial helg i og rundt rallyringen på Vestnes.

Om du er nysgjerrig på denne hundesporten og kunne tenkje deg å lære meir om den, så arrangerer vi rallykurs 28.-29. november. Meir info finn du under kurs-fanen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s