Tid for å melde seg på kurs!

Månadens hund denne månaden vart Junah frå arkivet vårt. Me set veldig pris på om folk kunne sendt oss bilete til å vere ein månad her på heimesida. Send på e-post eller via facebook.

Tysdagstreningane er no i full gong. Du finn full oversikt over kva tid der er instruktør her.

Me har no opna for påmelding i nybyrjarkurs/vidarekomne kurs i rallylydigheit, kurs med Anna Larsson, kvalpekurset og bronsemerkekurset. Du finn meir informasjon om dei enkelte kursa og påmeldingslenkje her.  Rallykurset er allereie 3. og 4. mars, så her lønner det seg å berre slenge seg med. Me håpar folk nyttar høve til å delta på kurs!

Ellers vil eg minne om at årsmøtet er 6. mars på Bondhus trafikkskule klokka 18:30. Du finn sakliste her.

Har du tankar om ting som du ynskjer skal skje? Eller kanskje ei tilbakemelding om noko klubben bør gjere annleis? Ikkje nøl med å kontakte oss.

Årsmøtet og kurs

Då er datoen for årsmøtet satt. Hald av tysdag 6. mars klokka 18.30. Styremøtet vert på Bondhus Trafikkskule.

SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Årsmelding
  3. Rekneskapet
  4. Val av styre
  5. Eventuelle saker som har komt inn

Alle medlemmar kan sende inn saker til styreleiar innan to veker før møtet. I tillegg har alle medlemmar stemmerett på møtet. Vel møtt!

No har også påmeldingar for kursa denne våren opna. Ver om deg å meld deg på. Du kan velge mellom Anna Larsson kurs, kvalpekurs eller bronsemerkekurs. I tillegg håpar me å få tak i instruktør som kan halde eit nyrbyrjar og vidaregåande kurs i rallylydigheit. Så følg med.

Godt nyttår!

Månadens hund er Thareq som er Hege Lystad sin. Me har no byrja gå tom for bilete igjen. Send inn dine beste bileter. Me brukar bilete som passar til sesongen.

Tysdagstreningane startar opp att 9. Januar. Oversikt over dei andre finn du under trening og aktiviteter. Me håpar mange vert med!

No er det også snart tid for å fornye medlemskapet i klubben. Me håpar mange vil fortsette å vere medlem, og ynskjer nye hjarteleg velkomen.

Det vil opne påmelding for kurs med Anna Larsson og kvalpekurs i løpet av januar. Informasjon kjem her og på Facebook.

Desember, advent, snart jul!

Isabell Viddal har sendt oss inn dette koselege julebilete. Dette er Ronja si fyrste jul. Diverre fans ikkje bilete i større kvalitet, så de får nyte originalen her.

Tysdag 12. desember er siste tysdagstrening med instruktør i år. Då tek me ei lita uoffisiell juleavslutning med nokre peparkake og kanskje dukkar det opp litt varm gløgg. Me håpar hundar og folk tek turen til ein siste innsats med trening før jul. Etter dette er resten eigentrening fram til over nyttår. Ny liste over tysdagstreningane kjem i romjula ein gong!

Det er planlagt nokre kurs over på nyåret. Sjekk dei gjerne ut og kom gjerne med ynskjer om kurs dersom de har lyst.

Med dette ynskjer me dykk alle ei rettelig god adventstid!

Tid for julebord og snø!

November er over oss og dagane er mørkare enn nokon gong. Det regnar stort sett dagleg, men brått vert det snø. Agilityutstyret må derfor takast inn snarleg. Dugnad for dette vert lyst ut på Facebook. Dersom du vil ha varsling på annan måte må du berre kontakte oss.

Julebordet er flytta til 1. Desember av praktiske grunner. Dette er klargjort med dei som allereie er påmeldte. Me håpar at fortsatt mange kjem til å melde seg på. Det vert koldtbord, quiz og sosialt samvær. Ei ypperlig anledning til å sosialisere seg med folk som trenar hund. Dette er også ein fin måte å kome seg inn i miljøet på som ny. Påmelding her.

Ellers er det nokre få tysdagstreningar igjen med instruktør. Du finn oversikt under trening og aktiviteter.

Oktober og mørketid..

Månadens hund er Talia innsendt av Henriette Ervik Nupen.

No er kveldane byrja verte mørke og dagane kortare. Tysdagstreningane går på Tussatun i Hovdebygda. Me held til på parkeringsplassen, og har difor også lys frå gatelysa. Du finn oversikt over kva tid det er instruktør på Tussa her.

I Fonna har me enda ikkje fått opp noko lys. Der vil derfor vere veldig mørkt kveldane. Agilityutstyret er fortsatt tilgjengeleg, men utover i månaden vil nok dette snart pakkast vekk. Dette kjem an på vermeldingane, men me må prøve å få det i hus før fyrste snøen.

I haust har det vore kvalpe- og unghundkurs samstundes som det også har vore eit vidaregåande kurs for dei som er komt litt lenger. Begge desse kursa tek slutt denne veka. Me håpar alle deltakarar har hatt eit fint kurs, og at me ser dykk igjen på treningar og andre kurs.

Til våren vert det nytt høve både til kvalpekurs og andre kurs. Det er også satt opp eit kurs med Anna Larsson. Det vert ikkje meir kurs før jul ellers. Difor er tysdagstreningane eit fint høve til å halde treninga ved like.

Til slutt vil eg minne alle om at julebordet vert 2. desember. Påmelding opnar i dag. Du kan melde deg på her. Håpar mange vil kome!

Haustfargar og mørketida er på veg!

Månadens hund for september er Lana. Bilete er sendt inn av Marie Halkjelsvik.

Forrige mandag starta kvalpekurset opp, og i går var fyrste praktiske økt. Det er ein god gjeng med tett over tjue deltakarar. Ny sjanse til kvalpekurs vert til våren. Informasjon kjem i februar/mars om dette.

Me har hatt litt forseinking på informasjon anngåande det vidaregåande kurset. No er det endeleg satt datoar for kurset. Det vil foregå over fire torsdagskveldar. Sidan me har vore seine med informasjonen held me påmeldinga open til komande fredag; 8. september.

Tysdagstreningane er i gong. Me har valt å ha instruktør annan kvar tysdag. Du kan sjekke ut kva tid der er instruktør her.

Ellers er datoen for julebord satt allereie. Dette for å prøve å få fleire til å kome. Årets julebord vert laurdag 2. desember. Meir informasjon og påmelding kjem etter kvart, men sett av datoen.

God haust!