Konkurransekurset er flytta til 24-25. april, og der er ledige plassar!
Meld deg på her: https://forms.gle/WXq5zZ3bLvVyuAVK6

– lykkeleg hund, lykkeleg eigar!
Konkurransekurset er flytta til 24-25. april, og der er ledige plassar!
Meld deg på her: https://forms.gle/WXq5zZ3bLvVyuAVK6
Grunna nye restriksjonar tek me frå i dag ei velfortjent og god påskeferie frå all organisert trening. Det har vore ei fryd å sjå så mykje folk på kurs og på Tussa. Det er ei gledje å sjå at hundar og folk er engasjerte. Hugs å halde avstand dersom du likevel trenar. Me startar opp att med organisert trening frå 13. April.
Riktig god påske til alle medlemmar!
Denne helga arrangerte hundeklubben kurs i hundesporten «Nosework». Instruktør for helga var Berit Smaaland, ei sprudlande dame med lang erfaring og mykje kunnskap knytt til mange ulike hundesportar.
Veldig kort fortalt går nosework ut på at hunden skal bruke den gode luktesansen sin, og finne ei bestemt lukt. Det gode med denne sporten er at den passar for alle hundar, uavhengig av rase, størrelse og alder. Det er også ein sport som kan utførast omtrent over alt, både inne og ute.
Det var god variasjon i hunderasar som deltok på kurset denne helga, vi hadde to Lagotto, Miniature australian shepherd, Eurasier, Storpuddel, Goldendoodle og Toypuddel. Alle hundande (og hundeførerane) jobba godt heile helga, og dei firebeinte brukte nasa godt og fann alt dei skulle!! Det var ein sliten gjeng som avslutta kurset søndag ettermiddag, med mykje ny kunnskap om hundesporten Nosework.
No kan du som er medlem i Ørsta og Volda Hundeklubb skaffe deg ein svært god treningsvest til ein svært gunstig pris! For kr 600,- får du ein kvalitetsvest frå Gappay, med klubblogo på ryggen.
Finn ut kva storleik du treng i tabellen under, og fyll ut bestillingsskjema her: https://forms.gle/XxJJdmGDjf6zTMcg6
No er det opna for påmelding til vårens ordinære kvalpekurs. Sjå meir info under kursfana.
Då er årsmøtet vel overstått for denne gong, og klubben har fått eit par nye styremedlemmar.
Styret har no følgjande samansetning:
Leiar: Anita Wiik Løvik
Nestleiar: Hildegunn Bondhus
Kasserer: Gina Bjørdal
Sekretær: Lene Solemsaunet
Styremedlem: Ragnhild Jansen Rindal
Varamedlem: Siv Jensen
Fullstendig årsmøtereferat og årsmelding ligg i filarkivet.
Nokre bilete av den flinke og kjekke gjengen som gjekk kvalpekurs no i helga. Lukke til med vidare trening!
Etter påske set vi opp eit ordinært kvalpekurs. Meir info kjem snart, så følg med her på heimesida eller på Facebook.
Det fyrste av to intensiv kvalpekurs gjekk av stabelen i helga. 7 flinke og kjekke ekvipasjar som meistra øvelsane godt, og hadde fin framgang gjennom kurset. Lukke til med vidare trening!
Grunna coronasituasjonen har vi for tida ikkje organisert trening med instruktør på Tussa på tysdagar. Men det er framleis lov å møte opp og trene på eiga hand, så lenge ein følgjer smittevernreglane og held god avstand til andre. Vi legg ut eit innlegg kvar tysdag på Facebooksida. Om det skulle bli behov for smittesporing er det fint om dei som tenkjer å ta turen kan like innlegget eller gjerne kommentere slik at vi har loggført kven som kjem!