Frå og med i dag 25. oktober har vi tilbod om innandørs trening i Ørsta ridehall – kvar mandag kl 19 – 21.
Tilbodet er gratis for klubbens medlemmar. Er du ikkje medlem kan du Vippse kr 50,- til 554725 pr gong.
Author: lenes81
Julebord 17. desember

I år vert det julebord den 17. Desember på Lid Skule.
Me køyrer på med finekle, julemat og underhaldning. Dette vert ein kveld utan hund, men med hund som felles interesse.
Ta med drikke sjølv. Alle medlemmar er velkomen til å melde seg på!
Eigenandel vert 100 kr som betalast seinast ved oppmøte.
Påmelding via lenkja:
https://forms.gle/PdFeheEhLn3XknFL8
Kvalpekurs
Kursfana er oppdatert med datoar for kvalpekurset. Merk at det óg er tilbod om 12 plassar i Fosnavåg denne gongen.
Kvalpekurs i august
Me får mykje spørsmål om kva tid neste kvalpekurs er. Det vert nytt kvalpekurs til hausten med oppstart i slutten av august. Me har ikkje satt nøyaktige datoar, men truleg vert det mandagar. Om du ikkje treng meir info for å melde deg på kan du berre bruke lenkja under å melde deg på no. Meir informasjon kjem i starten av august.
Påmeldingsskjema: https://forms.gle/PePnbmrnqtLFCBnQ9

Høyringsinnspel
Ørsta og Volda Hundeklubb ynskjer å skrive motsvar til Ørsta kommune si høyring angåande utvida bandtvang. I høve dette tek me gjerne innspel frå våre medlemmar. Send oss ei melding eller kommenter under innlegget snarast råd.
Ny dato!
Konkurransekurset er flytta til 24-25. april, og der er ledige plassar!
Meld deg på her: https://forms.gle/WXq5zZ3bLvVyuAVK6
