Kurs i konkurranselydigheit 7. mars

IMG_8070

7. mars var Anne Cecilie Eide på besøk til oss. Kurset skulle bestå av ein dag med rettleiing i forhold til konkurranselydigheit. Me var så heldige at me fekk vere på VØR. Dette passa veldig bra då vêrgudane ikkje var i godt lune. Dermed fekk me også trene oss i å vere i ein hall med mykje frammande lydar.

IMG_8096

Me var sju forskjellige ekvipasjar med ulike behov og ynskjer. Dette gjor at kurset vart meget lærerikt sjølv når ein berre stod å såg på. Dette vart eit intensivt, men effektivt kurs. Håpar me snart får besøk av Anne Cecilie igjen! Fleire bileter finn du her.

Kurs i kvardagslydigheit vår 2015

Gjennom våren har det foregått eit kurs i kvardagslydigheit. Hildegunn var instruktør, og her har ho skrive litt om kurset som var:
*************************************************************************************************
Etter ynskje frå medlemmar starta vi eit kurs i kvardagslydighet. Kurset gjekk over seks kveldar og fire hundar med eigar hadde meldt seg på.
*************************************************************************************************
Ynskje frå deltakarane var å få til å kunne passere andre hunder på tur utan store konflikter. For å få til dette må vi kunne avlede hunden med noko som er sterkare enn synet av ein annan hund. Kort forklart vil det seie at VI må bety så mykje for hunden at når vi tek kontakt blir den så oppslukt av oss og det vi har å tilby at den heilt gløymer at det finnes andre hunder rundt oss.
*************************************************************************************************
Derfor starta vi med slik trening og etterkvart som vi fekk til dette utvida vi med å trene på å møte andre hundar. Siste kvelden hadde vi arrangert eit lite hundretreff med hundar i mange størrelser og fasongar og ikkje minst eigarar som surra rundt og skulle prate og helse på oss, som no hadde lært at vi ikkje skal helse på andre på tur i band
*************************************************************************************************
Deltakarane fekk også tips og råd om dette å ha hund i kvardagen; kva som er lov og ikkje, at det som ikkje er lov gjeld KVAR dag. Korleis hunden har det i det daglege gjenspeglar seg fort i samspelet mellom hund og eigar. Betyr vi noko for hunden eller er vi der berre for å legge ting til rette for den og å plukke opp etter den eller kan vi lære den å tilby oss noko og at vi får til eit godt samspel?
*************************************************************************************************
Helsing Hildegunn
Kvardagslydighet

Intensiv helgekurs for kvalp januar 2015

Ekvipasjer

Denne helga har klubben hatt eit intensivkurs for kvalpar. Der var seks påmelde ekvipasjar. Der var forskjellige raser, og forskjellige utfordringar. Målet med kurset var å setje den enkelte ekvipasja inn i det grunnleggande innanfor trening av hund.

Hovudtema for helga var grunnleggande ferdigheiter som kontakt, sitt, dekk, innkalling og gå fint. I mellom hovudtema vart det drøfta løysingar, belønning og kanskje litt tullprat.

Temperaturen var låg, men humøret var på topp. Det var to instruktørar på dette kurset. Dette gav ekvipasjane ei tett oppfølging og mykje en til en trening. Ein hadde god tid og kunne ta seg god tid på den enkelte hunden. Nokre hundar grubla ein litt meir på enn andre, men progresjonen var enorm.

Forskjellen var dermed stor då den glade flokken møtte opp til ein ny dag. Fyrste februar viste seg frå ei kald, men flott side. Nokre av kvalpane tykte det var litt for kaldt. I alle fall til å legge seg ned. Då måtte me finne alternative løysingar for dei. Ved matpause drog ein deltakar fram eingongsgrillen og det vart enda betre stemning. Det heile vart avslutta med ein “positiv sirkel” og ei oppsummering av helga.

Me ynskjer alle ekvipasjar lukke til vidare, og håpar å sjå dei igjen!

For fleire bilete, sjå her.

innkalling

Kvalpekurset er ferdig!

050

I april starta nok eit kvalpekurs i regi av hundeklubben. 17 håpefulle meldte seg på for å verte kloke og dyktige hundetrenarar. Deltakarane vart delt inn i tre forskjellige grupper med kvar sin instruktør. Instruktørane denne gongen var Hege, Else Marie og Anita. Fyrste økta var det rein teori. Nokre trudde nok me prøvde å drepe dei med kjedelige ord, utrykk og metoder, men andre forstod nok kva me skulle førebu dei til.

053

Neste økt starta me praktisk. Her var det fokus på kontakt og sitt. I tillegg måtte hundane møte instruktøren i full handtering mellom tenner, pels og til og med testiklar. Skal ein bli tatt på, så skal ein bli tatt på. Dette skulle vere med å førebu eventuelle hundar som ville brukast til utstilling.

062

Til neste økt fekk kvar ekvipasje streng beskjed om å øve heime. Korte økter, men ofte. Det er nemlig slik at det er ekvipasja sjølv som bestemmer kor mykje dei får ut av eit slikt kurs. Mest framgong får du dersom du trenar jamnt og trutt slik at det går litt framover for kvar kurskveld.

029

Vidare kom øvingar som dekk, innkalling og gå fint. Gå fint er vel ei øving me alle ynskjer sårt å få til. Her kunne kvalpeeigarane få tips til korleis ein kunne vere konkret nok, og korleis trene i kvardagen. Fokus var også å fortelje kvalpeeigarane korleis dei kunne bruke dei forskjellige øvingane i det daglege hundelivet heime.

041

Nest siste økta fekk alle smake på agility, rally-lydigheit og triksing. Dette fall godt i smak både for kvalp og eigar. Her kunne dei få inspirasjon til kva hundesport som kanskje kunne passe den enkelte. I agility såg ein mellom anna fleire eigarar som forsvann inn i tunnellen.

035

Siste gongen hadde me full oppsummering av alle øvingane. Her kartla me den enkelte hunden og snakka om framgang og vegen vidare. I tillegg hadde instruktørane med belønning til dei stolte eigarane. Ein skal nemlig belønne åtferd ein vil ha meir av.

016

Me vonar alle har hatt eit like kjekt kurs som me instruktørane har hatt. Me vil ynskje dykke lykke til vidare, og håpar å sjå dykk alle igjen. Takk for denne gong! 🙂

021

Foto: Hege Lystad

Kurs i konkurranselydigheit!

115

I helga som var hadde Ørsta og Volda Hundeklubb kurs i konkurranselydigheit. Instruktør var Anne Cecilie Eide. Det var 7 ekvipasjar på dette kurset, noko som baud på variasjon både for oss som såg på, og instruktøren. 075

Kurset var lagt opp slik at kvar ekvipasje fekk individuell tid til å arbeide med det dei sleit med, eller ville ha hjelp i. Her var det alt frå kontakt til naseprøve og andre avanserte øvingar. Anne Cecilie inspirerte, utfordra og lærte vekk mange nyttige tips.

022

I tillegg til dei individuelle øktene fekk alle ekvipasjane delta på fellesøkter der ein trente øvingar som krev fleire hundar ute. Dette er øvingar som fellesdekk og tannvising. På denne måten kunne hundane venne seg meir med situasjonen i ein konkurranse.012

Kurset handla jo nettopp om dette; konkurranse. Å trene konkurranselikt. Å kome seg opp og fram. Å konkurrere om fyrste premien. Opp i alt dette prestasjonsorienterte snakket var det godt å høyre Anne Cecilie sitt motto opp igjen fleire gongar; “Det skal vere gøy å trene hund!”

051

Fokuset låg nemeleg nettopp der. Me skal ha det kjekt saman med hunden vår. Bygge klare relasjonar, vere tydelege ledarar og ha det kjekt saman. Det skal ikkje vere ei plikt, det skal vere gøy!

027

Og kjekt hadde me det. Eg trur eg snakkar for dei fleste når eg seier at kurset var til stor inspirasjon og fremja gleda ved å trene. Den gav og dei fleste ekvipasjar noko målretta å arbeide med. Det er så mykje enklare å jobbe når ein veit kva ein skal jobbe med!

053

Ein skal tidleg krøkjast om god krok skal bli sa Ivar Aasen. Ein skal også hugse visdommen at det aldri er for seint å lære. Ein vert aldri ferdig utdanna når det gjeld hund, og det beviste dette kurset. Tusen takk til Anne Cecilie for at du ville kome å inspirere deltakarane til vidare trening. Me sjåast mandagane klokka seks for konkurransetrening. Vel møtt til alle som vil henge seg på!

Bileta er tekne av Hege Lystad. Du kan sjå fleire her!

Kurs i Rally-Lydigheit våren 2014!

I helga som har gått har det vore kurs i den spennande og fortsatt lite kjente hundesporten rally-lydigheit. Sporten går ut på at fører og hund arbeider saman for å kome seg gjennom ei bane med forskjellige skilt. På skiltet står kva du skal gjere. Her har me alt frå dekk til å gå rundt seg sjølv. Konsentrasjonstrening både for hund og eigar.

105

Laurdag morgen starta kurset innandørs på Ørsta Vgs. Her vart me introdusert til sporten, og fikk sjå nokre videoar frå stemner og konkurranser. Marit, instruktøren vår, var blid og imøtekomande på ein slik måta at me ikkje var heilt vetskremde før me byrja. Ho fortalte oss mellom anna kor viktig det er at føraren kan bana før han eller ho tek med hunden.

054

Dette skulle me etterkvart få kjenne på. Då me kom ut på grusbana vart fyrste bana sett opp. Me hadde på førehand gått gjennom dei ulike øvingane inne, slik at me no kunne starte med å briefe bana. Dette betyr at me får ti minutt til å gå gjennom bana (utan hund). På denne måten er me førebudd på kva som skjer undervegs. Ikkje så ulikt agility sånn sett.

122

Det skulle vise seg at ein måtte vere nøye på briefinga. Å vere usikker når ein fyrst kom med hunden skapte eigentleg mykje hovudbry. Likevel fekk både førar og hund seg positive opplevingar. Dei fleste hundane synes dette var kjekt. For at førarane skulle forstå kor viktig det var å gje riktig beskjed fekk me lov å leike hund for kvarandre. Tru meg, det er ikkje berre berre å vere hund. Me fekk oss ein god latter når me vasa rundt der. Var noko heilt spesielt å vere i hunden sine sko (potar).

052

Søndag fekk me prøve å lage baner sjølve. Då fekk me velge eit banekart og setje opp bane i grupper. Mykje å tenke på. Eit steg dit, fem dit, går dette? Får me plass til hunden? Igjen måtte me briefe. Vår “liksom-hund” var skikkelig god på dette. Etterkvart fekk me og smake på øvingar frå klasse 2.

117

Der var seks ekvipasjar som deltok på dette kurset. I tillegg var me tre observatørar. Eg trur eg talar for alle når eg seier at me hadde eit lærerikt, inspirerande, og morosamt kurs. Det viktigaste i denne sporten er at hunden har det kjekt. Etter denne helga trur eg dei aller fleste kan seie at både dei og hunden hadde mange positive opplevingar. Me håpar å starte opp eit miljø for denne sporten no, og håpar fleire sleng seg på!

Fleire bilete kan du finne her. Det er Hege Lystad som har teke bileta.

Februar er her!

Ny månad betyr nytt bilete på framsida. Månadens hund denne gongen er ein bitteliten westie med navnet TinTin. Det er Elisabeth Leira som eig dette vidunderet. Det vert nok spennande tider frammover for dei begge. TinTin skal pryde framsida i heile februar.cropped-februar-14.jpg

Skulle du ynskje det var din hund som var på framsida? Send eit bilete av hunden din til hundeklubben@ovhk.com då vel. Så kanskje er det nettopp din hund som får vere månadens hund!

Rallykurset og lydigheitskurset er begge fulle når det gjeld deltaking. Du kan likevel melde deg på som observatør. Observatør er ein kjekk og sosial oppleving der du får sjå og studere dei andre som vert styrt med. Det er nett så lærerikt som å delta.

Eg minner og om at tysdagstreningane rullar vidare på tysdagane. Oversikt over kva tid der er instruktør finn du under “Treningsaktivitetar – tysdagstrening”. Vel møtt!

Planar for våren

Tysdag 7. januar hadde styret i hundeklubben møte. Referat frå møtet finn du under møtereferat. Kort fortalt vert agilitybana tatt ned for vinteren komande laurdag klokka 13. Alle er velkomne til å hjelpe til. Treningsplan for tysdagane finn du her. Det nye med tysdagstreningane er at det berre vert instruktør annakvar tysdag. Dei datoane som ikkje står på treningsplanen er altså eigentrening.

Oktober2010 - Luckas

Tysdag 4. mars vert det årsmøte klokka 19.00. Saker og innkalling finn du på den nye sida hendingar. Denne sida vert brukt til informasjon utanom kursaktivitet. Dette kan vere innkalling til ekstraordinære møter som årsmøte, eller informasjon om turar, avslutningar og liknande.

I vår vert det fleire kurs for forskjellige interesser. Rallylydigheit vert i overgongen mars/april, medan det i løpet av våren vert sporkurs med Inger Handegård. Meir informasjon kjem fortløpande så snart datoen er satt. Vidare kjem der eit kurs innan konkurranselydigheit for dei vidarekomne, og kvalpe og unghundkurs nærare sommaren. Dermed er det mykje å glede seg til!

Nyt varmen, for snart kjem kulda!

Kvalpekurset er over!

Laurdag den 26. oktober starta årets kvalpekurs opp. 18 ekvipasjar var klare for å lære kvalpane noko og få inspirasjon til vidare hundetrening. Kurset starta på Volda Røde kors hus. Der hadde me to timar teori. Mellom anna snakka me om barn og hund, læringsvegar og øvingane me skulle gå gjennom. Alle fekk utdelt eit teorihefte til odel og eige.

Etter teoriøkta delte me oss inn i tre grupper, fordelt på dei tre instruktørane Else Marie, Hildegunn og Anita. Me fordelte oss utover grusbana i Ørsta og starta heile kurset med leik og kontakt. Det var diverre vått og trist denne dagen, men deltakarane og hundane kom heldigvis med friskt mot.

cropped-oktober13-Shayla.jpg

Søndagen møtte me også i Ørsta. Me fekk finever og byrja dagen med spor. Dette tykte mange av hundane var kjempe kjekt, og eigarane var flinke og lærevillige. Etter ei kort matykt byrja me på sitt og avslutta dagen med fart og spenning i innkalling.

Stemne9

Komande torsdag var det på an igjen. Då møttest me på Tussa. Her fekk deltakarane prøve seg på dekk og gå fint. Neste torsdagen fekk hundane bruke hjerneceller i mentaltrening og prøve seg på lydigheitsøvingane på plass og lineføring. Denne torsdagen regna det veldig mykje, og det var ikkje så veldig mykje lettare siste torsdagen. Då hadde me oppsummering av alle øvingane.

sheltiekvalp

Gjennom kurset har 15 forskjellige raser, 18 forskjellige hundar, 18 forskjellige eigarar, fått prøve seg på livet som hundetrenar. Dei har fått prøvd seg i fint ver, og dei har fått prøvd seg i dårleg ver. Me håpar at alle har hatt ei positiv oppleving, og ynskjer alle velkomne til å trene vidare saman med oss, tysdagar på Tussa frå 18:00.

Tusen takk for at nettopp DU deltok!

spesialsøk – ein leik for alle hundar!

I vår tok vi kontakt med Stig Meier Berg som driv kurs innen spesialsøk, og lurte på om han kunne tenke seg å halde kurs her i Ørsta.  Det takka han ja til og kurset vart raskt fullteikna.  Og endelig kom helga då vi skulle få snuse på dette spennandes kurset som vi hadde sett fram til lenge.  Fredag starta med teori, og Stig hadde mykje på hjartet. Ikkje berre om spor og søk, men også om korleis enn elles  får eit godt hundehold og tips slik enn kunne berike ein kjedelig kvardag med enkle lydigheitsøvelsar.

015

Laurdagen starta vi kl.09 med friskt mot, no skulle vi endelig få sjå hundane våra i aksjon.  Det vart mange aha opplevingar i positiv forstand, ikkje alle kjente hunden sin så godt som dei trudde. Hundane fekk 5 runder kvar på plattformen i løpet av helga, og innimellom var det drøfting og teori.  Alle gjorde stor framgang same dagen og det var veldig tydelig dagen etterpå at dette huska dei.  Inn i lokalet og rett opp på bordet! Dette ville dei ha meir av, og somme hundar kunne enn nesten ikkje få av bordet att.  Tydelig at hundane likte denne type arbeid.

023

På slutten av dagen søndag, så kunne hundane gjennkjenne lukta av Yellow Label te, og fleire av eigarane hadde til og med lært seg å leike med hundane sine.  Alltid kjekt når enn får litt meir enn det enn har betalt for. Takker instruktør Stig for eit flott og lærerikt kurs, og vi har allereie planer om enda eit modul 1 kurs, så dersom du kunne tenke deg å bli med så har du sjansen seinare.

039

Fleire bilete finn du her! 🙂