Konkurransekurset er flytta til 24-25. april, og der er ledige plassar!
Meld deg på her: https://forms.gle/WXq5zZ3bLvVyuAVK6

– lykkeleg hund, lykkeleg eigar!
Konkurransekurset er flytta til 24-25. april, og der er ledige plassar!
Meld deg på her: https://forms.gle/WXq5zZ3bLvVyuAVK6
Grunna nye restriksjonar tek me frå i dag ei velfortjent og god påskeferie frå all organisert trening. Det har vore ei fryd å sjå så mykje folk på kurs og på Tussa. Det er ei gledje å sjå at hundar og folk er engasjerte. Hugs å halde avstand dersom du likevel trenar. Me startar opp att med organisert trening frå 13. April.
Riktig god påske til alle medlemmar!
No kan du som er medlem i Ørsta og Volda Hundeklubb skaffe deg ein svært god treningsvest til ein svært gunstig pris! For kr 600,- får du ein kvalitetsvest frå Gappay, med klubblogo på ryggen.
Finn ut kva storleik du treng i tabellen under, og fyll ut bestillingsskjema her: https://forms.gle/XxJJdmGDjf6zTMcg6
No er det opna for påmelding til vårens ordinære kvalpekurs. Sjå meir info under kursfana.
Kursfana er oppdatert med aktuelle kurs.
Helga 17. og 18. oktober arrangerte Vestnes Hundeklubb rallystemne, og heile 4 medlemmar frå Ørsta og Volda Hundeklubb var påmelde. Laurdag morgon sette vi nasen nordover, med sommarfuglar i magen.
Vêret spelte ikkje heilt på lag denne helga, så stemnet vart flytta inn i ein liten hall, noko som skapte eit ekstra spenningsmoment for fleire av oss. Det er ikkje alltid godt å vite korleis hundane reagerer i slike situasjonar. Det fekk Siv og Nea erfare, og det enda dessverre med disk for dei i klasse 2-debuten på laurdag. Men ingen sure miner for dét!
Lene og Sienna hadde som mål å greie opprykk til klasse 3 i løpet av helga, og det vart full klaff allereie på laurdag, med 4. plass, 188 poeng og raud sløyfe.
Anita og Synnøve konkurrerer begge i eliteklassen. Det vart ein 4. plass på Anita og Meera denne dagen, medan Synnøve og Ylva tok 3. plassen.
Søndag – ny dag, nye sjansar.
Det fungerte betre for Siv og Nea denne dagen, og dei enda opp på 8. plass av 17 startande i klasse 2.
Lene og Sienna hadde derimot ikkje dagen på søndag, og dei enda opp med ein disk.
Synnøve, som var påmeldt med Vinter i klasse 2 enda opp med 5. plass og napp til klasse 3!
For Anita og Meera klaffa det ikkje heilt denne søndagen. Med ein lykkeleg hund som snurra ein ekstra gong rundt eigaren sin, vart det dessverre ein disk på dei.
For Synnøve og Ylva vart det derimot full klaff. Dei gjekk heilt til topps i eliteklassen og fekk CERT! Vi gratulerer!
Og slik er rallysporten; ein dag klaffar det, og ein annan dag ikkje. Det er noko av det som gjer sporten så spennande. Og uansett resultat, så hadde vi alle ei triveleg og sosial helg i og rundt rallyringen på Vestnes.
Om du er nysgjerrig på denne hundesporten og kunne tenkje deg å lære meir om den, så arrangerer vi rallykurs 28.-29. november. Meir info finn du under kurs-fanen.
Heimesida er no oppdatert med aktuell info om styret, kurs og aktivitetar.
Hugs ryddedugnad på Fonna hundebane tysdag 6. oktober kl 18.00.
No er det endeleg komt ut informasjon om kvalpekurs og sporkurs. Du finn informasjon og påmelding under fana kurs.
Komande torsdag (15. august) frå 18.00 vert det lukedugnad i Fonna. Ta med det du treng for å hjelpe å ta vekk gras og ta turen!