
Denne veka har det vore flott dugnadsinnsats på banen i Fonna. Tysdag 6. oktober møtte ein heil gjeng opp, og rydda saman agilityutstyret for vinterlagring.
Brakka som står ved banen har vore eit sorgens kapittel i nokre år no. Der er vatnskade på golvplatene, så brakka har eigentleg vore ganske ubrukeleg i den tilstanden den er, og var fyllt opp med mykje rot.
Dugnadsgjengen bretta opp ermane og tømde brakka heilt, og fekk sortert ting som kunne hivast og ting som skulle takast vare på. Så vart golvet inspisert for å sjå om det kunne reddast. Konklusjonen var at der er så mykje råte at det er ikkje anna å gjere enn å rive heile golvet og få lagt nytt.

Kaffipause med nydeleg god sjokoladekake og hundeprat vart det sjølvsagt også tid til 🙂
Onsdag 7. oktober vart det skaffa kontainer, og enda ein gong var det mange møtte opp, på veldig kort varsel! Alt bosset frå kvelden før vart lagt i kontaineren for å køyrast vekk.
Stor takk til alle som stilte opp desse to kveldane!