**Kvalpekurset er fullt. Send oss ei melding på Facebook eller på epost om du vil stå på venteliste**
Kursfana er no oppdatert med info om kvalpekurs og unghundkurs. Der finn du også lenkjer til påmeldingsskjema.


– lykkeleg hund, lykkeleg eigar!
**Kvalpekurset er fullt. Send oss ei melding på Facebook eller på epost om du vil stå på venteliste**
Kursfana er no oppdatert med info om kvalpekurs og unghundkurs. Der finn du også lenkjer til påmeldingsskjema.
Vi gratulerer Jostein og Pondus, Arnhild og Selma og Gina og Agapimou med bestått bronsemerkeprøve i LP 15. november 2021! Og ein stor takk til Else Marie Halse Ressem som stilte opp som dommar.
For dei som ikkje nådde heilt opp denne gongen, og andre som har lyst til å prøve, så vert det ny sjanse til våren!
Neste år vil vi arrangere klubbmeisterskap i rallylydigheit! Meir info kjem rett over nyttår.
Takk til denne flotte gjengen som stilte opp på dugnad i Fonna i dag! No er agilityutstyret pakka vekk for vinteren, og vi fekk rydda ein god del ugras frå bana. Nokre hopphinder, tunnelen og slalomen vart flytta ned i ridehallen slik at det blir mogleg å bruke dei på treninga der gjennom vinteren 🙂
Eit lite utvalg bilete frå kvelden. Veldig kjekt med så stort oppmøte.
(foto: Jostein Vatne)
(Send oss ei melding om du vil ha bilete av deg fjerna)
Frå og med i dag 25. oktober har vi tilbod om innandørs trening i Ørsta ridehall – kvar mandag kl 19 – 21.
Tilbodet er gratis for klubbens medlemmar. Er du ikkje medlem kan du Vippse kr 50,- til 554725 pr gong.