Trening og aktivitetar

Hundeklubben kan tilby varierte aktivitetar og treninga for deg og hunden din. Mellom anna agility, lydigheit, spor, utstilling og det viktigaste av alt sosialt samvære.

Einaste treninga som har fast dag er tysdagstreninga på Tussa. Ellers kan ein lyse ut, eller delta på utlyste treningar gjennom facebooksida vår Treningsbane – KUN for medl av ØVHK.


TYSDAGSTRENING

IMG_1684

Tysdagane er det trening frå kl 18.00 og utover så lenge der er folk. Annankvar tysdag er der organisert trening der ein av oss i klubben sett i gong ei lita treningsstund frå 18.30. Dette er ei fin anledning til å vere sosial og snakke med andre med same interesse.

Sjå eigen fane for meir info.


INNANDØRS TRENING

I vinterhalvåret har vi innandørs trening i Ørsta ridehall kvar måndag frå kl 19.00 til 20.30.
Tilbodet om innandørs trening er gratis for klubbmedlemmar. (ikkje-medlem: kr 50,- pr gong)


AGILITY

Der er for tida inga fast tid for agilitytrening. Agilitybana finn du i Fonna ovanfor Kiwi i Ørsta. Den har kodelås som du får gjennom sida Treningsbane – KUN for medl av ØVHK. Her vert berre betalande medlemmar godkjent medlemsskap. Dersom du ikkje har facebook, men er medlem kan du kontakte oss på epost eller telefon. Agilityutstyret vert rydda inn for vinteren omlag i oktober og vert pakka ut att når våren kjem rundt mars/april. Dette vert også oppdatert via Facebook.


LYDIGHEITSTRENING

Ved ynskje kan ein spørje andre om å trene via Facebook.


RALLYLYDIGHEIT

122

Alt utstyr til rally er tilgjengeleg i brakka i Fonna. Ta kontakt for lån av nøkkel.


FELLES TURAR

IMG_20140603_191811

Me prøvar å ha nokre fellesturar per år som passar for både små kvalpe- og barneføtter og for dei større.

Fellesturar vert annonsert på facebooksida vår.