Tysdagstrening

IMG_8600 (2)

Tysdagstreningane foregår på Tussatun ovanfor flyplassen i Hovden frå kl 18.00. Som regel er der ein eller fleire representantar frå styret til stades, så dersom du lurer på noko er det berre å sjå etter gule vestar med Ørsta og Volda Hundeklubb på ryggen.

Annankvar tirsdag er der trening med instruktør. Den ansvarlege for tysdagstreninga samlar dei som vil trene kl 18.30. På denne treninga trenar me alt frå kvardagslydigheit, utstillingstrening og liknande.

Kom gjerne med innspel dersom du har ynskjer om tema for tysdagstreningane!

Sjølv om vi har sett opp liste over kven som skal ha trening kan det skje at vedkomande ikkje har høve å møte. Då vert det eigentrening om ikkje ein annan instruktør vel å bytte. Me har valt å ha annan kvar tysdag med instruktør utover hausten då me er veldig få som vil instruere. Dersom du føler kallet må du gjerne ta kontakt!

Datoar for trening med instruktør hausten 2020:
8. september
22. september
6. oktober, dugnad i Fonna
20. oktober
3. november
17. november
1. desember
15. desember, juleavslutning på Lid.