Vert medlem!

Som medlem får du rimelegare prisar på kursa.

I tillegg kan du møte på alle treningar og aktivitetar med godt samvet.

Ver med å støtt klubben og delta i eit fellesskap av entusiastar innanfor hund du også!

For å melde deg på må du inn på www.nkk.no.

Prisen er 270 for eit heilt år!

NB! Minner om at ein må vere medlem av NKK for å verte medlem av ein Hundeklubb i Noreg. Informasjon om dette finn du her.

1. Logg deg på min side.  Dersom du ikkje allereie har brukar, må du opprette ein ny,

2. Du finn fana som heiter medlemsskap og trykker på den. Under ser du på bilete. Der som er ringa raudt skal du trykke.

nkkmedlem

3. Trykk “meld inn i ny klubb”

nkkmedlem2

4. Finn Ørsta og Volda Hundeklubb på lista og trykk “velg”.

5. Her får du informasjon om pris. Trykk “meld inn”.

6. Vidare vert du tatt til betaling.

Gratulerer, du er innmeldt!

Dersom du har problem med å melde deg inn må du gjerne ta kontakt med klubben.