Kurs i konkurranselydigheit!

115

I helga som var hadde Ørsta og Volda Hundeklubb kurs i konkurranselydigheit. Instruktør var Anne Cecilie Eide. Det var 7 ekvipasjar på dette kurset, noko som baud på variasjon både for oss som såg på, og instruktøren. 075

Kurset var lagt opp slik at kvar ekvipasje fekk individuell tid til å arbeide med det dei sleit med, eller ville ha hjelp i. Her var det alt frå kontakt til naseprøve og andre avanserte øvingar. Anne Cecilie inspirerte, utfordra og lærte vekk mange nyttige tips.

022

I tillegg til dei individuelle øktene fekk alle ekvipasjane delta på fellesøkter der ein trente øvingar som krev fleire hundar ute. Dette er øvingar som fellesdekk og tannvising. På denne måten kunne hundane venne seg meir med situasjonen i ein konkurranse.012

Kurset handla jo nettopp om dette; konkurranse. Å trene konkurranselikt. Å kome seg opp og fram. Å konkurrere om fyrste premien. Opp i alt dette prestasjonsorienterte snakket var det godt å høyre Anne Cecilie sitt motto opp igjen fleire gongar; “Det skal vere gøy å trene hund!”

051

Fokuset låg nemeleg nettopp der. Me skal ha det kjekt saman med hunden vår. Bygge klare relasjonar, vere tydelege ledarar og ha det kjekt saman. Det skal ikkje vere ei plikt, det skal vere gøy!

027

Og kjekt hadde me det. Eg trur eg snakkar for dei fleste når eg seier at kurset var til stor inspirasjon og fremja gleda ved å trene. Den gav og dei fleste ekvipasjar noko målretta å arbeide med. Det er så mykje enklare å jobbe når ein veit kva ein skal jobbe med!

053

Ein skal tidleg krøkjast om god krok skal bli sa Ivar Aasen. Ein skal også hugse visdommen at det aldri er for seint å lære. Ein vert aldri ferdig utdanna når det gjeld hund, og det beviste dette kurset. Tusen takk til Anne Cecilie for at du ville kome å inspirere deltakarane til vidare trening. Me sjåast mandagane klokka seks for konkurransetrening. Vel møtt til alle som vil henge seg på!

Bileta er tekne av Hege Lystad. Du kan sjå fleire her!