
Årsmøte

– lykkeleg hund, lykkeleg eigar!
Endeleg er koronatida over og hundeklubben slår på stortromma når det kjem til årets julebord. Årets happening vert på Rekkedal Gjestehus 2. Desember. Her får me servert god mat ( https://www.rekkedalgjestehus.no/aktuelt/julesesongen-2021). Dei har òg sagt dei kan tilpasse ved allergi eller andre omsyn. Me håpar DU tek turen. Ved nok interesserte prøvar me å setje opp moglegheit for spleis på fellesskyss.
Bindande påmelding her: https://forms.gle/Xy3CpsSFiGGHDzyJA
Her kjem samanlagtresultata frå Rallycup 2022, og nokre bilete frå siste runda som gjekk måndag 5. september. Som de kan sjå vart det svært jamnt i klasse 1, der Gina hadde betre tider på sine teljande runder og dermed vart ho og Agapimou samanlagtvinnar i klasse 1.
Gratulerer alle saman, og takk til alle som deltok! Vi i styret synst det var veldig kjekt at de ville vere med på cup! Det vert høgtideleg premieoverrekking på julebordet seinare i år 😉
Treningsbana i Fonna er overgrodd, og vi treng hjelp til å luke og rydde ugras! Difor kallar vi no inn til dugnad komande tysdag kl 18.
Ta med egna utstyr sjølv – rive, grafse, bøtte o.l. – og om du får med deg ei trillebår i bilen så ta gjerne med det òg. Håpar MANGE kan kome og gjere en innsats for klubben og bana
Fana “Hendingar” er no oppdatert med informasjon om siste runde i rallycupen.
Skjema finn du her: https://forms.gle/GhknUCV4dTezqJY99