Tysdagstrening

IMG_8600 (2)

På tysdagar møtes vi på Tussatun ovanfor flyplassen i Hovden frå kl 18.00. Her er alle velkomne, store som små.

Annankvar tysdag er der trening med instruktør. Den ansvarlege for tysdagstreninga samlar dei som vil trene kl 18.30. På denne treninga trenar me for eksempel kvardagslydigheit, utstillingstrening, innkalling og liknande. Kom gjerne med innspel dersom du har ynskjer om tema for tysdagstreningane!