Aktivitetar no framover..

På 17. Mai vert det anledning å gå i tog under fana til Ørsta og Volda hundeklubb. I Ørsta er det oppmøte klokka 15 ved Ørsta stadion. I Volda møter ein opp ved Volda omsorgsenter klokka 1530. Alle er vel møtt å gå saman med oss med hund!

Vidare vert det ein felles tur rundt Bjørdalsvatnet den 3. Juni. For å kome eit må du køyre mot Bjørndalen, og heilt til endes til vatnet. Me møter opp ved vatnet klokka 18 og tek oss ein tur saman i staden for vanlig trening på Tussa. Ta gjerne med mat, stol, drikke, hund og ikkje minst godt humør. Dette vert sosialt!

Den 17. Juni vert det sumaravslutning i Hundeklubben. Denne starter klokka 18 ved grusbana i Ørsta. Ta med deg hund og grillmat. Ta og med stol. Det vert ymse aktivitetar og god stemning. Vel møtt!