Godt nyttår!

Eit nytt år er i gong. Me startar året med Millie som månadens hund. Dette er Birgitte Eiken sin hund.

cropped-mnd-jan-15.jpg

Vidare kan eg informere om at fristen for å melde interesse for kurs i kvardagslydigheit er 15. januar. Dette kurset kan hjelpe deg på vegen med det du måtte synes er vanskelig, og det vert hovudsaklig individuell oppfølging. Meld deg på i dag!

Vidare kan me informere om at påmeldinga for rallylydigheit opnar straks. Du finn informasjon om kurset her.  I tillegg står ein heil del andre kurs for dør. Følg med på facebook eller heimesida for å få med deg fristar.

Tysdagstreningane byrjar på att komande tysdag 6. januar. Du finn oversikt over tema og instruktørar her. Vidare startar nok mandagstreningane opp att 5. januar. Minner også om sida “Fellestrening med hund” for deg som vil trene på andre tider, eller for å sjekke om nokon kjem mandagane.

13. juni vert det blodsporprøve. Dette er fyrste gong klubben her skal arrangere. Me er spente. Ta gjerne kontakt dersom du skulle vere interessert i å hjelpe til. Meir informasjon kjem.

I september vert det årlige stemnet vårt. I år vert det andre helga i september (12. september) grunna European Dog Show i Oslo. Det vert kvelpeshow, lydigheit og dobbelt opp med rallylydigheit (12. og 13. september i samarbeid med Sunnmøre Hundeklubb). Set av datoen allereie i dag. Meir informasjon kjem i mai/juni.

Med dette ynskjer Ørsta og Volda Hundeklubb deg eit riktig godt nyttår. Håpar å sjå nettopp deg og hunden din!