Kom mai du skjønne milde!

kamots

Mai er i gong. Sola har komt, graset vert grønt og blomane er på veg inn. Månadens hund er Kamots i eit hav av blomar. Bilete er teke av Hege Lystad, og det er ho som eig hunden. Dette er for å minne oss om kor fint det skal verte. Det er høgsesong for å vere ute, høgsesong for å drive med hund.

Tysdagstreningane på Tussa er meir populære nå som vêret viser seg frå gode sider. Me håpar fortsatt at fleire tek turen, og er glad for alle som allereie møter. Etter planen vert det ein fellestur til Kvanndalen tysdag den 12. mai. Då håpar me flest mogleg vil gå saman med oss!

Mandagane er kvalpekurset nå i full gong. Torsdagane er det byrja eit bronsemerkekurs. Sjølve bronsemerkeprøva vert 4. juni. Dersom du skulle ynskje å gå berre prøva kan du ta kontakt med klubben.

Terminlista til NKK er full av utstillingar, lydigheitskonkurransar, rally, agility, bruks og alt folk måtte ynskje å konkurrere i. Dermed er det mange som er i sving med trening. nskjer du å finne andre som du kan trene saman med kan du gjerne bruke facebooksida “Fellestrening med hund“. Komande helg er det NKK Ålesund. Me ynskjer arrangørane lukke til, og håpar mange tek turen!

Nyt våren!