Stemne hausten 2016..

På ei regnfull grusbane i Ørsta sentrum var det mange som møtte spente opp denne laurdagsmorgonen. Nokon skulle konkurrere i lydigheit for fyrste gong, andre var drevne. Nokre kvalpar hadde aldri vore i ein ring før, andre hadde vore mange gangar. Alle hadde ulike utgangspunkt, men alle konkurrerte om premier, titlar eller kanskje berre i konkurranse mot seg sjølv. Rundt ringane var det god stemning trass det sure vêret.

IMG_2667

I kvalperingen var det denne laurdagen 15 ulike raser i totalt 22 påmeldte. Den gjeve Best In Show (BIS) tittelen var det ein liten Fransk Bulldog som stakk av med. På andre kom ein flott Whippet, etterfølgt av ein Dvergpinscher og til slutt ein Siberian Husky. Dommaren for dagen var Torill Dønheim i god hjelp frå ringsekretær Siv Jensen.

IMG_2620

På barn og hund var det fire stykker som deltok. Her har de den stolte vinnaren.

20160903_123108

I lydigheitsringen var der 12 påmeldte fordelt på klasse 1, 2 og 3. Dommar for dagen var Roar Holmen. Frode Grande var god hjelp som digital skrivar i teltet også. Fellesdekk var nok meir i søyler denne dagen, enn på sjølve grusen. Det var ikkje alle hundar som synes dette var heilt greitt. Ein mann på sidelinja gav til og med utsagnet: “Eg hadde ikkje ville såtte naken der eg heller!” Fyrste mann og hund fekk heftig regnvær som forstyrring, men heldigvis letta det etterkvart.

Tusen takk til Inger Kvam som stilte opp for oss på kjøkkenet, for Bjørg som hjalp med litt forskjellig, til Siv Jensen som var så snill å vere ringsekretær i kvalperingen, til Frode Grande som stilte i LP-ringen og til dei to dommarane. I tillegg takkar me alle som deltok for nok eit gjennomført stemne i Ørsta. Det er beklagelig å meddele at det ikkje vert noko neste år då me er for få folk, men forhåpentligvis kjem me sterkare tilbake etterkvart. Fleire bileter her.

IMG_2626

Takk for denne gong!