Sumaren er i gong!

Då har me runda midnatt. Juni tek oss med strålande sol og varme. I høve dette vil eg minne alle om at det vert veldig fort varmt i ein bil. Hugs å ha tilgong til vatn og god lufting dersom du må ha hund i bil. Unngå å stå i sol. Dersom det er mogleg er det mykje betre å sette hunden igjen heime på dei varmaste dagane.

Månadens hund denne månaden vert Miko. Dette er hunden til Hege Lystad, som også er fotografen. Eit bilete med smaken av sommar.

Komande tysdag (3. juni) vert det felles tur rundt Bjørdalsvatnet i staden for trening på Tussa. Håper flest mogleg har lyst til å vere med ut å gå. Det er meldt fint veir, og me satsar på å få det både artig og sosialt.

Miko - jun 14
Miko – jun 14

Denne veka vert også kvalpekurset avslutta. Her håpar me deltakarane har hatt ei god oppleving og at dei har lyst å fortsette å vere aktive i klubben. Til slutt vil eg berre minne om sumaravslutninga som vert tysdag den 17. juni ved grusbana i Ørsta (mellom ungdomsskulen og stadion) klokka 18. Vel møtt, og nyt sumarveiret!