Kom mai du skjønne milde!

cropped-maiovhk.png

Mai månad er godt i gong og liene grønkar som hagar. Ja, det lavar faktisk av blomar på strå. Mai er ein månad med mildare veir og gode dagar for trening av hund. Kvalpekurset starta for to veker sidan, og alle ekvipasjane har starta opp trening av sin vesle håpefulle kvalp. Tysdagstreningane rullar og går. Dersom du ikkje skulle ha vore innom lista over kva som skjer på tysdagane vil du no sjå at dei tysdagane som tidlegare ikkje var satt opp noko på er fylt ut med noko som heiter “rallylydigheit”.

Få ikkje panikk. Du må ikkje springe. Det er ein “ny” hundesport som handlar om å lese skilt å utføre forskjellige øvingar frå forskjellige hundesportar. Viss du er meir nysgjerrig enn det må du nesten ta turen på ei av tysdagstreningane å oppleve det. Du er i alle fall hjarteleg velkomen.

Mai er i utgongspunktet ikkje fylt med så mykje aktivitetar utanom det vanlige. Likevel kan det vere det dukkar opp noko etterkvart. Ha i tankane at der skal vere tre kurs som handlar om spesialsøk og smeller. Meir informasjon finn du her.

Me håpar fleire vil delta i eit aktiv hundemiljø no som våren spirar rundt oss! Send gjerne inn ditt bidrag til månadens hund også når du fyrst er i gong. Denne månaden var det Anja og Junah som fekk pryde sida. La dei ikkje pryde aleine, send inn din hund til hundeklubben@ovhk.com !