Mars 2016

Norris - mars 2016
Norris – mars 2016

Månadens hund er ein hund eg fann i arkivet som eg ikkje har brukt. Dette er korthårscollien Norris. Han er innsendt av Lene Solemsaunet.

Mars byr på vår, og vår betyr at me snart får trene utan sørpe og snø, kanskje. Det byr også på ein del kurs som står tilgjengeleg for påmelding. Det fyrste eg kan reklamere for er rallylydigheit. Me har kurs for dei som har lyst å lære seg kva denne sporten går ut på, og som har lyst å lære meir om den. Dette kan vere veldig nyttig fram mot stemnet som skal vere 30. april. Kanskje har du lyst å konkurrere for fyrste gong? Påmelding og informasjon finn du her.

Neste kurset som står for tur er Siv Svendsen kurset. Dette skal vere i palmehelga. Kurset er eit kurs i konkurranselydigheit. Siv er ei engasjert dame med mange gode og kreative løysingar for deg og din hund. Ho er eit fyrverkeri som lærer deg mykje på ei helg. Det kan derfor vere veldig nyttig å vere observatør på dette kurset også. Per dags dato har me EIN ledig plass med hund på kurset. Her er det første mann til mølla. Påmelding og informasjon her.

Etter påskeferien (veke 12) startar me opp det velkjente kvalpekurset. Påmeldinga er open til midten av påska, så du kan like gjerne melde deg på i dag. Passar for kvalpar og unghundar, men også for dei som aldri har hatt hund før. Ei fin anledning til å få ein god start. Påmelding og informasjon finn du her.

Det er dermed mykje som skal skje i mars. Me håpar folk er aktive tysdagane og fortsetter og utlyse treningar via “Fellestrening med hund” på facebook. Vel møtt til ein spennande vår med mykje hund på tapeten!