Resultat frå blodsporprøva!

 Forrige helg hadde Ørsta og Volda Hundeklubb blodsporprøve for fyrste gong. Det var 23 påmelde ekvipasjar, 21 som gjekk. Me hadde Bondalseidet som base. Her kunne ein kjøpe vafler, varm suppe, brus og kaffi. Dette var goså ein stad å vere tørr medan ein venta på at ein skulle gå. Vêret var nemleg ikkje det aller beste, men samstundes ikkje det aller verste. Humøret var på topp, og det kan virke som dei fleste var nøgde med dagen.

Det var sjølvsagt premie til alle. Her har de 1., 2. og 3. plass.

Gratulerer!

IMG_8948

Dette er 1. plass – Terje Kalvatn – Theo

IMG_8961

2. plass er Catrine Myklebust – Ottar

IMG_8958

3. plass er Elin Kipperberg med hunden Black-Flat´s Praha

Snart tid for sommarferie..

cropped-Miko.jpg

Månadens hund er denne søte eurasierkvalpen ved namnet Miko. Det er Hege Lystad som har sendt inn biletet. Send gjerne inn ditt bidrag til hundeklubben@ovhk.com.

Me nærmar oss slutten av skuleåret. Dermed byrja folk å ta ferie og det vert lenger mellom dei organiserte treningane. Komande tysdag (9. juni) er siste treninga med instruktør før sommaren på Tussa. Det betyr derimot ikkje at hundetreninga stoppar opp. Det er ofte folk på Tussa tysdagane om sommaren også. Så frykt ikkje for å ta ein tur innom. Tysdag 16. juni vert det sommaravslutning ved grusbana i Ørsta. Den finn du mellom Ørsta Ungdomsskule og Ørsta stadion. Meir informasjon finn du  her på heimesida.

Til hausten er det stemnet 2015 som er i hovudfokus. Det er allereie mogleg å melde seg på. Du finn pålogging på nkk si terminliste. Me skal ha lydigheit, kvalpeshow og rallylydigheit. Når det kjem til rallylydigheit vert dette eit dobbelt stemne då Sunnmøre Hundeklubb arrangerar stemne her i Ørsta søndagen. Stemnet 2015 er sett til datoen 12. september. Informasjon og dommarar finn du her. Me set også pris på om folk vil kome på stemnet som publikum. Der vert mange fine hundar å kike på, og hundeportar ein kan lære meir om. Me har kiosk. Vel møtt.

Heimesida vil ikkje verte oppdatert i juli. Det vert dermed eit lite opphald. Me vil derimot svare på e-post og PM på facebook. Håper alle hundar får ein flott sommarferie.

God Sommar!

På tur med hundeklubben..

Tysdag 12. mai var det fellestur i staden for trening på Tussa. Her har ein høve til å vere sosiale og få gå tur saman med fleire folk og hundar. Trass det ustabile vêret møtte det opp litt folk. Eigentleg skulle me gå fram mot Kvanndalsvatnet, men sidan det ryktast om mykje snø framover på dalavegen bytta me om turen til Bjørdalsvatnet.

IMG_2414

Neste oppsatte tur vert 2. juni. Då er planen å gå til Vallasætra. Håper enda fleire tek turen då, og at vêret vert fint. IMG_2436

Takk for turen!

Kom mai du skjønne milde!

kamots

Mai er i gong. Sola har komt, graset vert grønt og blomane er på veg inn. Månadens hund er Kamots i eit hav av blomar. Bilete er teke av Hege Lystad, og det er ho som eig hunden. Dette er for å minne oss om kor fint det skal verte. Det er høgsesong for å vere ute, høgsesong for å drive med hund.

Tysdagstreningane på Tussa er meir populære nå som vêret viser seg frå gode sider. Me håpar fortsatt at fleire tek turen, og er glad for alle som allereie møter. Etter planen vert det ein fellestur til Kvanndalen tysdag den 12. mai. Då håpar me flest mogleg vil gå saman med oss!

Mandagane er kvalpekurset nå i full gong. Torsdagane er det byrja eit bronsemerkekurs. Sjølve bronsemerkeprøva vert 4. juni. Dersom du skulle ynskje å gå berre prøva kan du ta kontakt med klubben.

Terminlista til NKK er full av utstillingar, lydigheitskonkurransar, rally, agility, bruks og alt folk måtte ynskje å konkurrere i. Dermed er det mange som er i sving med trening. nskjer du å finne andre som du kan trene saman med kan du gjerne bruke facebooksida “Fellestrening med hund“. Komande helg er det NKK Ålesund. Me ynskjer arrangørane lukke til, og håpar mange tek turen!

Nyt våren!

April er i gong!

stasho

Månadens hund denne månaden er Stasho. Dette er Bjørg Ville sin hund. Han er gammal, men fortsatt futt i.

April kjem sigande med to kurs som skal gå parallelt. Me snakkar sjølvsagt om kvalpekurset og bronsemerkekurset. Kvalpekurset er for dei som har kvalp eller unghund som dei har lyst å lære det grunnleggande med. Det vert oppfølging på den enkelte ut i frå kva hund og eigar kan frå før.

Bronsemerkekurset er for dei litt meir vidarekomne hundane. Her skal hunden lære seg dei grunnleggande øvingane for å bestå det me kallar “bronsemerkeprøva”. Me snakkar enkeltdekk i 1 min, stå under marsj, lineføring og mykje anna. Dette er eit spennande og lærerikt kurs for dei som har lyst å konkurrere i seinare tid, eller eventuelt berre kome litt lengre med hunden sin.

Begge kursa har påmeldingsfrist i dag, så hiv deg rundt, meld deg på!

Ellers ynskjer klubben alle medlemmar ei riktig god påske. Send gjerne inn ditt beste påskebilete til hundeklubben@ovhk.com. Me vil gjerne publisere medlemmane våre!

 

Helgekurs i Rallylydighet i vakre omgivelser i Ørsta

IMG_1961

13-15 mars var jeg så heldig at jeg fikk komme til Ørsta for å holde kurs i Rallylydighet. Det var 6 kursdeltaker og 1 observatør. Halvparten av kursdeltakerne var helt ferske i sporten, og resten har konkurrert før og kommet seg oppover i klassene.

IMG_1765

Vi startet kurset med å ha en teoridel fredag kveld. Da gikk vi blant annet gjennom alle skiltene i klasse 1 og 2, samt en del av regelverket. Det var en interessert og trivelig gjeng, så jeg gledet meg stort til resten av helga. I følge yr.no var det også spådd knallflott vær, så bedre kunne det ikke bli.

IMG_1857

Lørdag morgen startet vi opp med den praktiske biten av kurset. Kursdeltakerne satt opp små baner som jeg hadde tegnet opp på forhånd. Noe av målet med et slikt kurs er også at deltakerne skal kunne ha nok verktøy i kassa til å trene rallylydighet på egenhånd. Da er det å kunne bygge baner en viktig del.

IMG_1882

I starten når man skal lære seg denne sporten er det mye å tenke på. Hva betyr det som står på skiltene? Hvordan bør man plassere seg i forhold til de? Hvilke regler gjelder? Hvordan lærer man inn de forskjellige øvelsene? Når bør man belønne? Hvor er neste skilt? Osv. Deltakerne brukte etter kort tid svært få kalorier på å oppfatte hvordan de forskjellige skiltene skulle utøves. Med litt tips her og der, ble det fort stor framgang.

IMG_1913

De 3 deltakerne som har kommet litt lenger, fikk bryne seg på utfordrende kombinasjoner av skilter, og en del av eliteskiltene. Etter 5 timer med intensiv og god jobbing på kurs, dro vi ut en gjeng for å spise. Ørsta skuffet ikke der heller.

IMG_1931

Siste dagen på kurset lagde jeg større utfordringer for kursdeltakerne. Banene ble lenger, og kombinasjonene mer kompliserte. Etter lunsj var det tid for den store testen. Deltakerne skulle nå få gå en treningskonkurranse. Jeg hadde derfor tegnet to rallybaner som man kunne fått på konkurranse. Nybegynnergruppen gikk en klasse 2 bane, mens de andre gikk en elitebane. Det var mye bra å se i ringen, og jeg kunne tydelig se en stor framgang på alle sammen. Det sporten representerer: samspill-glede-holdninger, så jeg masse av hele helgen.

IMG_2016

Tusen takk for en flott helg! Jeg storkoste meg sammen med dere, og håper jeg får muligheten til å komme tilbake ved en annen anledning.

– Solveig Zetterstrøm

IMG_2001

Fleire bilete her.